Turstiar Sunde

Turstiar Sunde

Del

"Turstiar på Sunde" har eiga heimeside med informasjon om turløypene (sjå adresse nedanfor).

Photos from Turstiar Sunde's post 06/06/2026

Besøkstal Kaldestadåsen. For andre månad på rad vart det over 2000 registrerte besøk, mai fekk flotte 2108 besøk, sjølv om ikkje været har spelt på lag kvar dag. Totalt iår t.o.m 8785.Turveka er for fullt igang og ved lunsjtider i går hadde 512 registrert seg i boka, håpar og mange registrerar seg på vipps til Arne Skogseth på nr 90680727 (sjå info i vedlegg). Arrangement gjengen er i full gang med forberedelsar, sponsorflagg er montert ( veldig stor takk til sponsorar, kjekt å samarbeide om slike folkehelsetiltak/ trivselstiltak). Løypa er blitt merka fra KVV, på dette oppdraget traff vi på ein haug med kjekke elevar og lærarar fra 8 trinnet på Husnes ungdomsskule, som hadde vært på toppen å sjekka inn. Ungdommane vart helsa med sprek ungdom, eit av svara var av den supre sorten « sprek du og, stå på dette klarar du».. Den meldinga spelar vi vidare til alle som kan. God tur.

Photos from Turstiar Sunde's post 29/05/2026

Turveka startar på søndag. Siste dagen i mai og t.o.m 7 juni kan du delta i årets turveke arrangement og du kan delta så mange ganger du vil. Turveka er eit tiltak for å få mange ut i den flotte naturen vi har utanfor stovedøra og benytta dei mange tilrettelagte stiane som går opp til toppen på Kaldestadåsen. Flotte premiar vert trekt på startnr. Påmelding til Turveka er på vipps til Arne Skogseth på nr : 90680727 . Barn kr 20, vaksne kr 100.- Turveka avsluttes med motbakkeløpet Kaldestadåsen opp 7 juni med start fra Kvinnherad videregåande skule. Påmelding til løpet er i EQ timing. Håpar du vert med oss på tur.

Photos from Turstiar Sunde's post 22/05/2026

Prosjekt Fenafjell ferdigstillt. Etter 412 trivseltimar anser vi oss no klar med hovudjobben. Nye traséen midt i kløfta er laga av stein trappetrinn, tre trapper i material og nokre metrar med grus. På forrige fellesdugnad var det beising som gjer at byggverket passar fint inn i terrenget. I tillegg til dugnadstimane har òg prosjektet kosta mange kroner fra basaren ifjor, dvs mange har bidratt til denne nødvendige trase endringa, stor takk. Ta gjerne turen for å gå nye Fenafjellsveien (fra vest, eks fra gmlskulen på Sunde)I prosjekt perioden fra jan til 20/5 er det og utført 122 dugnadstimar på bl.a rydding, vedlikehold på ulike stiar, merking, fjerning av reflekststikker mm. Adm arbeid med Kaldestadåsen opp kjem i tillegg. Restarbeid i samme området vi no ferdigstiller er krattrensking, litt grusing og grøfting.

19/05/2026

Turveka med motbakkeløpet nærmar seg. Turstigjengen gler seg stort til igjen å invitera store og små til aktivitet i Kaldestadåsen. Turveka startar 31 mai og vert avslutta med motbakkeløpet 7 juni. I turveka kan du benytta valgfri tursti og registrera deg så mange ganger du vil.,Meir Informasjon om påmelding kjem neste veka ( evnt sjå vedlagt plakat). Stor takk til sponsorane som aktivt støttar arbeidet med å få fleire ut på tur.

Photos from Turstiar Sunde's post 10/05/2026

Besøkstal Kaldestadåsen. Mange sprekingar i april, registrerte besøk vart 2217, dvs 74 besøk kvar dag. Totalt t.o..m april er 6677 registrerte besøk. Mai vert òg spennande med trening til Turveka og motbakkeløpet ( 31/5 - 7/6). God tur vidare framover våren, nyt naturens endringar nesten dag for dag.

Vil du plassere din organisasjon på toppen av Frivillig Organisasjon-listen i Sunde?
Klikk her for å få din Sponsede Oppføring.

Telefon

Adresse


Sunde
5450