Statens helsetilsyn
26/05/2026
Vi søker ein erfaren .NET-utviklar som vil bidra til både vidareutvikling og vedlikehald av dagens systemportefølje, og samtidig vere med på å forme framtidas digitale løysingar gjennom utvikling av robuste og brukarvennlege webapplikasjonar. Søknadsfrist 5. juni.
Helsetilsynet og statsforvaltarane har vedteke ein felles strategi for perioden 2025 til 2035, med eit tydeleg mål om eit effektivt, samordna og kunnskapsbasert tilsyn. Strategien inneber ei omfattande satsing på digitalisering.
Som ein del av dette, skal det utviklast eit nytt felles fagsystem og ei moderne data- og analyseplattform.
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere å:
📍utvikle og vedlikehalde digitale løysingar som effektiviserer offentleg forvaltning
📍sikre saumlaus integrasjon mellom interne system og nasjonale felleskomponentar
📍arbeide i smidige utviklingsteam der det blir lagt vekt på kontinuerlege leveransar, samarbeid og forbetringar
📍bidra aktivt til kodekvalitet og stabilitet gjennom testing, kodegjennomgang og bruk av moderne utviklingsverktøy
Les meir om arbeidsoppgåver og kvalifikasjonskrav https://www.helsetilsynet.no/om-oss/ledige-stillinger/
Bilde: Freepik
04/05/2026
Vi har ledig to juriststillingar:
📌Fast stilling som seniorrådgivar i Avdeling for tilsyn med barnevern, sosial- og helsetenestene. Søknadsfrist 12. mai 2026
– Er du ein samfunnsengasjert jurist med interesse for velferdstenestene? Vi ser etter ein erfaren jurist som trivst med å arbeide tverrfagleg, og som ser at verknadsfulle tilsyn krev samarbeid. Dersom du òg er oppteken av at personar som treng sosiale tenester i NAV får betre bistand, er dette jobben for deg.
📌Fast stilling som jurist (rådgivar/seniorrådgivar) i Avdeling for tilsyns- og klagesaker i helse- og omsorgstenesta. Søknadsfrist 14. mai 2026.
– Arbeidet går i hovudsak ut på å behandle tilsynssaker som gjeld helsepersonell og verksemder i helse- og omsorgstenesta. Hos oss inneber dette at du arbeider i eit fagleg krevande felt, der formålet er å bidra til tryggare helse- og omsorgstenester, pasienttryggleik, kvalitet og tillit, mellom anna gjennom vurdering av administrative reaksjonar etter helsepersonellova kapittel 11. Sakene våre blir behandla tverrfagleg, i samarbeid mellom juridisk og helsefagleg saksbehandlar.
Les meir om arbeidsoppgåver og kvalifikasjonskrav https://www.helsetilsynet.no/om-oss/ledige-stillinger/
17/04/2026
Skal vi lykkes med trygg og helhetlig oppfølging av skrøpelige eldre, må kommuner og sykehus bygge videre på hverandres styrker, skriver Lisbeth Normann og Marthe Johanne Grue i Dagens Medisin denne uka.
Skrøpelige eldre – kommunenes nøkkelrolle i tidlig identifisering Lederne for de norske universitetssykehusene etterlyser i Dagens Medisin kunnskap om skrøpelighet og persontilpasset behandling i fremtidens eldreomsorg. Behov for en mer enhetlig kartlegging er noe også kommunene trekker frem i Helsetilsynets undersøkelse om ivaretakelse av grunnleggende behov b...
13/04/2026
Ønsker du å bidra til eit kunnskapsbasert tilsyn? Vi har ledig stilling som seniorrådgivar i eit 3-årig engasjement, søknadsfrist 1. mai 2026.
Tilsynsaktiviteten rettar seg mot ansvaret Nav-kontoret har for å vurdere barnet sitt beste, og prosjektet skal støtte planlegging, gjennomføring og læring i tilsynet.
Den som blir tilsett, vil ha ansvar for å planlegge og gjennomføre eit FoU-prosjekt, i tett samarbeid med andre fagressursar i Helsetilsynet og hos statsforvaltarane. Arbeidet skal bidra til å utvikle metodikk og kunnskap som kan få betydning for framtidige landsomfattande tilsyn. Prosjektet vil òg vere viktig i arbeidet med å byggje opp eit meir heilskapleg FoU-miljø i Helsetilsynet.
Les heile stillingsutlysinga på https://www.helsetilsynet.no/om-oss/ledige-stillinger/
10/04/2026
Helsetilsynet fikk denne uka besøk av Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget. Følget, med leder Kjersti Toppe i spissen, fikk en innføring i vårt arbeid og gjennomgang av aktuelle problemstillinger. Vi informerte blant annet om arbeidet med innføring av ny meldeordning.
- Takk til komiteen for et godt møte. Lærerikt for oss, og en god mulighet til å fortelle om hvordan vi løser samfunnsoppdraget vårt og utvikler oss i takt med samfunnet for øvrig, sier direktør Sjur Lehmann.
20/03/2026
Vi har ledig stilling for medarbeidar som skal leie arbeidet med overordna fagleg styring (OFS) av statsforvaltarane. Søk innan 8. april.
Du får ansvar for disse oppgåvene:
📌Samordne og koordinere Helsetilsynet sine faglege styringsaktivitetar overfor statsforvaltarane.
📌Følgje opp dialogen med statsforvaltarane.
📌Fagleg leiing av arbeidslaget som jobbar med OFS.
📌Vidareutvikle OFS-arbeidet, mellom anna gjennom god styring av aktivitetar, kvalitet og effekt, og slik bidra til at Helsetilsynet og statsforvaltarane jobbar som éi tilsynsmyndigheit.
📌Sikre at Helsetilsynet jobbar einheitleg med OFS på tvers av tilsynsområda våre.
📌Koordinere arbeidet med tilsynssamlingar og førebu saker til ulike møtearenaer.
Vi ser etter deg som har:
📌relevant høgare utdanning
📌solid erfaring frå statsforvaltaren innan eitt eller fleire av våre tilsynsområde
📌relevant leiarerfaring
📌god forvaltningskompetanse, mellom anna forståing for roller, styringslinjer og saksbehandling i statleg forvaltning
📌erfaring med strategisk styring og utviklingsarbeid
📌gode samarbeidsevner og evne til å byggje relasjonar
Les meir om og søk på stillinga: https://www.helsetilsynet.no/om-oss/ledige-stillinger/
20/02/2026
Har du stor interesse for informasjonssikkerheit og personvern? Vi har ledig stilling for ein erfaren og sjølvstendig seniorrådgivar som vil få eit heilskapleg ansvar for styringssystemet for informasjonssikkerheit.
Dette omfattar:
📌dagleg drift
📌vidareutvikling
📌oppfølging av tiltak innan informasjonssikkerheit og personvern i Helsetilsynet
Stillinga passar for deg som:
📌trivst med høgt tempo og varierte og til tider krevande oppgåver
📌kan leie prosessar og drive fram tiltak
Du samarbeider tett med sterke fagmiljø, og gode samarbeidsevner er viktig. Søknadsfristen er 4. mars.
Les meir om arbeidsoppgåver og kvalifikasjonskrav på lenke i kommentarfeltet.
Bilde: Freepik
Klikk her for å få din Sponsede Oppføring.
Kontakt organisasjonen
Telefon
Nettsted
Adresse
Møllergata 24
Oslo
0183
Åpningstider
| Mandag | 08:00 - 16:00 |
| Tirsdag | 08:00 - 16:00 |
| Onsdag | 08:00 - 16:00 |
| Torsdag | 08:00 - 16:00 |
| Fredag | 08:00 - 16:00 |