Streamer As

Streamer As

Del

I tillegg arrangerer vi kurs og turer i inn- og utland. Firmaet blir drevet av Nikolas og Magne som begge har lang erfaring innen sporten.

23/06/2025

Dag 9 – nattpass, kaldfront og to maraton til fots.

Gårsdagen vart avslutta med at Erlend tok i bruk nattpasset sitt – og det viste seg å vere eit godt val. Gjennom natta klarte han å ta igjen dei fleste i gruppa som låg like framfor han, og med det var utgangspunktet for dag 9 plutseleg mykje sterkare.

Med meldingar om ei kaldfrontpassasje utover dagen var det heilt avgjerande å få nytta dei rolege morgontimane i lufta. Erlend og supporter Jeremy tok seg tidleg opp i fjellet til eit godt startpunkt, og allereie litt før kl. 11 var Erlend i lufta.

Men vinden auka raskt, og berre to timar seinare var det ikkje lenger forsvarleg å fly. Dermed måtte resten av dagen taklast til fots – og det vart mange kilometer - heile 80 km gjekk Erlend i dag, altså nesten to maraton på ein dag!

Innsatsen gav resultat - distansen til mål vart kutta med over 100 km, og no står det att «berre» 244 km til mållinja i Zell am See.

Morgondagen vil framleis vere prega av restane etter kaldfronten, men det er håp om at det vil bli mogleg med noko flyging igjen.

Vil du plassere din bedrift på toppen av Gym-listen i Bergen?
Klikk her for å få din Sponsede Oppføring.

Telefon

Adresse


St. Halvards Vei 48
Bergen
5052