Spiselighage - Dennis
Tips - triks♻️
🐓HØNER I HAGEN
🥬SELVFORSYNT
📚4x bestselgende hagebøker
🎙Podkast: PlantPlantePjatt
📬Foredrag: [email protected]
🎥TV/SoMe: StoryPeople
Eg må berre visa fram gullfasanane mine 😍🪶 Eg har både herre- og damegullfasan her i hagen, og det er verkeleg noko av det mest eksotiske og vakre ein kan ha gåande rundt. Herrefasanen er heilt utruleg fargerik med gullgule fjør, knallraud kropp og lange elegante halefjør. Ser nesten ikkje ekte ut når sola treff fjørene ☀️ Ruga fram frå egg!
Damegullfasanen er mykje meir diskret i fargane, med brunlege og naturlege tonar som gjer at ho kamuflerer seg godt ute i naturen. Litt morosamt kor ulike dei er – han ser ut som ein påfugl på steroider, medan ho er meir beskjeden og praktisk 😅
Gullfasan kjem opphavleg frå fjellområda i Kina, og har vore halde som prydfugl i mange hundre år rundt om i verda. Dei trivst godt i store uteområde med buskar, skjul og litt natur rundt seg. Dei er ganske rolige fuglar, men herrefasanen likar gjerne å visa seg fram litt ekstra i hekkesesongen 🪶
Eg synest det er noko heilt spesielt med å ha slike dyr gåande rundt i hagen. Det gir nesten ein liten zoo- eller parkfølelse midt i eigen hage 😍
Klikk her for å få din Sponsede Oppføring.
Type
Kontakt den offentlige personen
Nettsted
Adresse
Stavanger